Dagens #songtekst eller #dikt, sjølv om opphavsmennene nok ville flira av sistnemnde merkelapp, kjem frå Lærdal. Me pratar om plata "Skot og skrømt" av Beinkjør, som eg meiner er ei av dei beste pønkeplatene på norsk. Humor og humør, hardtslåande og raskt, og med snert og fres. Mange slagerar på plata, eg nemner i fleng: Heimabrenten tappa, Velkommen til Lærdal, Andre sia tao fjellet og dagens to tekstutdrag: Olav med Grabben og Lærdal rebel rock'n'roll radio. Fyrst Olav.
1/