Login
You're viewing the oslo.town public feed.
  • GuroTanteGulo@snabelen.no
    Oct 12, 2026, 8:02 PM

    Ein ting eg tenkjer på:
    Det er viktig at menn snakkar med andre menn om overgrep og overtramp mot kvinner, om korleis menn snakkar seg i mellom om kvinner, om kva som er akseptabel oppførsel og tone.
    Det er ikkje poenget at de skal snakke med kvinner om dette.

    Slik som ein skal ta rasismesamtalen med andre kvite, homofobisamtalen med andre heterofile, transfobisamtalen med andre cisfolk.

    Poenget ei ikkje at menn skal fortelle kvinner kor opprørte dei er.
    Dei skal fortelle det til andre menn.

    💬 1🔄 5⭐ 3

Replies

  • GuroTanteGulo@snabelen.no
    Oct 13, 2026, 8:54 AM

    Folkens.
    Kvifor det er så slitsomt?
    Ikkje fordi alle eller mange menn er jævlige, men fordi nokon er det og ein ikkje veit kven det er, og situasjonane oppstår plutseleg når du ikkje forventar det, og du er heile tida på vakt.
    Ei uskuldig hending?: Eg jobba på apotek og ekspederte reseptar. På t-skjorta mi over brystet stod det: "Spør meg om solkrem". Ein mann ca 50 seier: "Kven av dei? 🤭 Ok, det var vel ufint av meg."
    Jaha?!?
    1/
    #NorskTut

    💬 2🔄 1⭐ 3
  • GuroTanteGulo@snabelen.no
    Oct 13, 2026, 8:55 AM

    Her står eg på jobb. Eg ekspederer legemidla dine. Samme kor dritsekk du er, passar eg på at ting stemmer og spør spørsmål for å avklare at ingenting skulle kunne vere feil. Eg har føkkings mastergrad. Det er gratis å spørre meg om råd. Du treng ikkje bestille time.
    Og så begynner du å kommentere på puppane mine?!?!?
    2/
    #NorskTut

    💬 1🔄 0⭐ 2
  • GuroTanteGulo@snabelen.no
    Oct 13, 2026, 8:55 AM

    Og det er jo ikkje noko big deal. I seg sjølv. Eg overlever. I brush it off.
    Men eg blir overrumpla (her stoppa eg meg sjølv i å bruke uttrykket "vart tatt på senga". Fordi det er eg "trent" til å tenkje på). Eg må vere på vakt heile tida. Neste gong kan det vere verre.
    Og: Blir menn med mastergrad behandla slik i jobbsituasjon? Må menn vere slik på vakt?
    NÅR VI BER MENN TA I EIT TAK ER DET FORDI VI ER SLITNE OG IKKJE KLARAR STOPPE DET SJØLV!
    3/3
    #NorskTut

    💬 1🔄 0⭐ 3
  • GuroTanteGulo@snabelen.no
    Oct 13, 2026, 8:56 AM

    Faen. Eg har mest lyst til å grine.

    💬 1🔄 0⭐ 0
  • 💬 0🔄 0⭐ 0
  • 💬 1🔄 0⭐ 0
  • GuroTanteGulo@snabelen.no
    Oct 13, 2026, 10:32 AM

    @LarsFosdal Er jo helsepersonell, da. Så klart skal ein ha ei avveining, men det skal mykje til før ein skal nekte helsehjelp. Heldigvis kan ein seie frå og yte hjelp samstundes.

    💬 0🔄 0⭐ 0